"Best in class" og eigne språk

Stolt IT
Hos Stolt IT er Alexander arkitekt, men han spelar også på mange andre strenger.

Alexander har spela instrument heile livet og kan fortelle om ein TV-opptreden i ung alder.

- Den første gong det blei fanga på film at eg spela trommer var eg 2 år gamal og allereie som 5 åring var eg i NRK studio for første gong, kan han fortelle.

I dag spelar han på 10-strenger i eit metallband frå Oslo kalla Assimilate. Det å spele er noko ein kan finne igjen i utdanninga til Alexander, då han i 2010 blei utdanna som spelutviklar med fordjuping i AI.

"Best in class"
Opp gjennom åra har han anten vore først ute med noko eller drive noko sjølv. Til dømes var han første ansatt og tidlegare medeigar i Attensi AS. Han er og såkalla "Founding member" av Sensee AS som den einaste teknologen.

- I Sensee AS var eg CTO og ansvarleg for prototype og veiledning, det vil seie programmere embedded, designe kretskort, lage apper og backend i samarbeid med MS StartUP. Her vant me "Best in class" og eit tettare samarbeid med Microsoft, seier Alexander.

Eigne språk
Alexander har programmeringsspråk som hobby og han har skrive noko i dei aller fleste ikkje-esoteriske programmeringsspråka, i tillegg til nokre esoteriske som Whitespace og Brainfuck.

- Eg har og skrive fleire eigne språk. Eitt av dei brukast i produksjon på over 100 000 sensorer (yalex), som er ein LISP/FORTH hybrid som interpretes og kjørast på under 1kb minne, fortel han.

Open Source
Han er "Core medlem" av Wiring, opphavet til Arduino (https://arduinohistory.github.io/), og har bidratt med godt over 100 bibliotek til dette Open Source prosjektet. I tillegg jobba han også eitt år som konsulent for Arduino, der han var prosjektleiar for Primo i tett samarbeid med Nordic Semiconductor.

På fritida
Det å finne den perfekte overgangen i Premiere, jukse "non-destructively" i Photoshop eller animere i Blender er ting som fyller fritida til Alexander.

- Eg likar og å planleggje den mest effektive "toolpathen" i Fusion360, designe kretskort i KiCAD, lage eigne verdener i Unity, finne ein balansert miks i Reaper og sjølvsagt skrive linje på linje med kode i Visual Studio Code, avslutter Alexander.