Stor interesse for å bygge gode team

Stolt IT
Benedicte har stillinga som prosjektleiar. Vestlendingen med lidenskap for sport, liker å kunne bidra til at eit team lukkast.

Frå bygd til by

Benedicte kjem frå den vesle vestlandsbygda Vabø, men har tatt steget ut i den store verden opptil fleire gonger. For tida prøver ho ut Oslolivet på St. Hanshaugen.

- Skilnaden frå heima er ganske stor, men det er veldig godt å kunne ha moglegheiten til å oppsøke det vanlegvis yrande folkelivet på "Haugen" og i tillegg kunne trekke seg tilbake og nyte stillheten i heimbygda, seier ho.

Lagspelar

Ho har ei stor interesse for å bygge team og verdsett høgt å bidra til at eit team lukkast.

- Eg meiner at noko av det viktigaste i eit team er å unne kvarandre suksess og vera open om informasjon, i tillegg til å kommunisere hyppig og tydeleg, seier Benedicte.

Denne lagkjensla kjem nok av at ho har ei sterk sportsinteresse. Ho bruker ein del av tida si på å følgje bror sin på sykkelritt og står gjerne i veikanten med ei flaske å gje vekk når han suser forbi.

Bank og finans
Men Benedicte kan ikkje berre brukast som vatnbærer, ho har tidlegare erfaring frå bank og finans.

- Sparebanken Vest var min første stoppestad og på mange måtar her eg "vaks opp", seier Benedicte om arbeidsplassen sin frå ho var 20 - 26 år.

Her fekk ho god kjennskap til finansielle produkter i rollen som kundekonsulent, i tillegg fekk ho erfaring med å vera marknadskonsulent.


Organisasjonsatferd og endringsleiing

Benedicte har bachelor frå BI Bergen i markedskommunikasjon og master i Human Resource Management frå Hawaii Pacific University.

- Jeg synast særleg at eg har fått nytta mastergraden min i alle organisasjonar eg har arbeida i og særleg når det kjem til organisasjonsatferd og endringsleiing, seier Benedicte.


Mange rollar

Etter tida på Hawaii, utan å ha surfa ein einaste gong vel å merke, satte Benedicte kursen for hovedstaden og EVRY. Her fekk ho moglegheiter til å prøve seg i mange ulike rollar.

- Først byrja eg som marknadskonsulent, og deretter var eg testar og subject-matter-expert, før eg tilslutt vart utviklingsleiar, kan ho fortelle.

I tida i EVRY var Benedicte ein del av eit stort og komplekst IT-prosjekt.

- Eg er særs takksam for at det første prosjektet eg har vore ein del av var eit såpass stort prosjekt, dette gjorde det mulig å lære mykje, seier ho.


Utanfor komfortsona

Etter å ha vore"in-house" i heile si arbeidskarriere bestemte Benedicte seg for å utfordre seg sjølv endå ein gong. Denne gongen var det ikkje studier på ei stillehavsøy som skulle sjekkast ut, men å vera konsulent for første gong.

- Noko av det som gjer at ein veks som menneske er å gå utanfor komfortsona og utfordre seg sjølv, seier Benedicte om kvifor ho bytta beite i 2020.